ENTUSIASTISKE SPELEMENN: Vegard Moshagen, Kjetil Bjerkestrand,  Arve Tellefsen, Øystein Rudi

Velkomen til musikkfest!

Det er med glede, iver og entusiasme vi ønskjer velkomen til Gudbrandsdal Musikkfest. Musikk er verdsspråket som bind folk saman, og vår musikkfest skal skape store opplevingar og trivsel. Vi håper musikkfesten skal bli ein møteplass mellom folk frå bygdene i dalen, hyttefolk i gudbrandsdalske fjell og godtfolk som kjem eins ærend for å høyre fin musikk.

Det har vore eventyrleg å få løfte Gudbrandsdal Musikkfest i gang. Frå Lillehammer i sør til Lom og Lesja i nord har vi møtt applaus for at heile dalen skal skape noko unikt saman.

Mange av dei fremste utøvarane frå folkeleg klassisk musikk og klassisk folkemusikk er klare. På veg til konsert kan du oppleva det gudbrandsdalske kjøkenet, med spanande mat og drikke på menyen. Og vi byr på konsertarenaer med sjarm og særpreg, med vertskap som gler seg stort til besøk.

Vel møtt!

 

Helsing

Arve Tellefsen        Kjetil Bjerkestrand       Vegard Moshagen

Bjarne Slapgard     Øystein Rudi

 

STYREMEDLEM: Bjarne Slapgard